Hopp til innhold
X
Innhald

Ola R. Svor

Ola R. Svor.

Ola R. Svor.

Broren Anders Svor laga ei byste av Ola R. Svor.

Broren Anders Svor laga ei byste av Ola R. Svor.

(1862–1950) frå Hornindal. Bonde og politikar. Etter å ha fått stipend og gått meierikurs i Danmark, stilte han seg i spissen for skiping av Hornindals Andelsmeieri som m.a. bygde meieri ved Storebrua ved Tomasgard og dreiv fleire stølsmeieri på Honndalssætra, i Knutsdalen og på Røyrhussetra.

Han var kjend som ein ihuga hestekar og var domar ved hestesjåa på Nordfjordeid i om lag 30 år.

Som bror til den kjende bilethoggaren Anders Svor stilte han seg i spissen for arbeidet med å sikre broren sine kunstverk i eit eige muséumsbygg. Skulpturane låg lenge lagra i eit gamalt hus i Hornindal før Svormuséet vart opna i 1953. Ola R. Svor var ordførar i Hornindal 1902-1913 og 1917-1919.

Tildelt Landbruksselskapet sin sølvmedalje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011