Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Sætren

Ola Sætren fødd 1938 i Hornindal, busett i Dunkerque i Frankrike frå 1963. Shippingmann og norsk konsul.

Ola Sætren fødd 1938 i Hornindal, busett i Dunkerque i Frankrike frå 1963. Shippingmann og norsk konsul.

Utdanna ved økonomisk gymnas, befalsutdanning og skular i shipping. Direktør i det franske shippingskonsernet SAGA. Norsk konsul i Nord- og Aust-Frankrike. Har hatt styreverv i Sjømannsmisjonen og i velferdstenesta for handelsflåten.

Riddar av første klasse av St. Olavs orden i 1978. Tildelt Norges Eksportråds æresdiplom. Tildelt Sjømannsprisen frå A. Wilhelmsen Foundation i 2009.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011