Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Sjurson Fuhr

Ola Sjurson Fuhr (1753-1817) frå garden Fuhr i Luster. Tok til å plante frukttre på 1770-talet.

Fruktpionérane i Fuhr

Dyrka mykje frukt for sal, men starta også planteskule og leverte frukttre til bønder i Sogn. Ola Sjurson Fuhr avla årleg 100-150 tønner frukt, og var truleg den største fruktdyrkaren i Sogn på den tid.

I 1780 fekk han 10 riksdalar i premie for dyrking og fordi han hadde planta 171 frukttre. Det kjende Fuhr-eplet kjem frå garden til Ola Fuhr.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.03.2008