Hopp til innhold
X
Innhald

Olai Tenden

Olai Tenden og kona Wilhelmine Tenden.

Olai Tenden og kona Wilhelmine Tenden.

Olai Tenden (1844–1909), fødd i Bergen. Handelsmann og hotell-pioner.

Kom til slekta si i Stryn, og starta som handelsbetjent hos kjøpmann Peter L. Brandt på Tonning. Kjøpte i 1869 handelsstaden Faleide, som hadde vore driven sidan 1858, då handelsmann R.G. Evje starta.

Olai Tenden var dampskipsekspeditør og postopnar på Faleide, i tillegg til kjøpmann og hotellvert.

I 1891 kjøpte Olai Tenden tomt ved den nye dampskipskaia på Visnes i Stryn, og bygde Hotell Central, som stod ferdig i 1893 (sjå Tendens Hotell og Central Hotell).

Far til Peter Tenden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.02.2009