Olaus Dahle

Olaus Dahle (1847-1939). Fødd i Romsdal, busett i Fjærland. Hotelleigar.
Han arbeidde i nokre år som lærar, m.a. i Lærdal.
Dahle bygde i 1891 Hotel Mundal i Fjærland saman med kona Brita Dahle f. Mundal og svigerbrørne Mikkel Mundal, Per Mundal og Johannes Mundal.Olaus Dahle vart hotelldirektør.
Dahle gjorde opptaket til bygging av Fjærland Elektrisitetsverk i 1915, og garanterte sjølv for storparten av byggjesummen.
Hotellet har vore i Dahle-Orheim-slekta sidan starten.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 02.09.2011