Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Bruknapp

Olav Bruknapp (1909-1998). Sokneprest i Hyllestad fram til 1965, og ordførar 1960-1964.

Olav Bruknapp (1909-1998). Sokneprest i Hyllestad fram til 1965, og ordførar 1960-1964.

Bruknapp vart vald på ei samlingsliste for Kristeleg folkeparti og Bondepartiet. I ordførartida til Bruknapp vart det bygd mange vegar i kommunen, m.a. vegutløysing på nordsida av Åfjorden og kai/ferjekai i Rysjedalsvika. M.a. spela han ein sentral rolle i kampen for å få bygd kai og ferjeleie i Rysjedalsvika (sjå Bitter strid om Rysjedalsvika). Då han flytta frå kommunen, gav bygdefolk ei hytte til den populære mannen like ved ferjeleiet i Rysjedalsvika.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.09.2010