Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Karstad

Olav Karstad.

Olav Karstad.

Olav Karstad (1886-1964) frå Solheimsdalen i Førde. Sivilagronom. Organisasjons-mann og landbruksskule-rektor.

Frå 1918 tilsett som sekretær i Norsk Landmannsforbund (Norges Bondelag) på Vestlandet, og vert rekna som hovudarkitekten for skipinga av Vestlandske Salslag i 1920. Han fekk igjennom at bøndene ikkje berre skulle ha leveringsrett, men også leveringsplikt til laget. (Sjå: Vestlandske Salslag i Førde.)

Rektor ved Mindresunde Landbruksskule 1920-1950 (sjå Mindresunde og Langvin jordbruksskular). Som formann i Nordfjord Hesteavlslag fekk han i gang den først eksporten av fjordhest til Danmark, og gav også ut bok om fjordhesten.

Medlem av landsstyret i Norges Bondelag, og fylkesformann i Bondepartiet 1921-1930, og tillitsverv i Vestlandske Salslag i ei årrekkje. Tildelt Sogn og Fjordane Landbruksselskap sin gullmedalje og ei rad andre heidersteikn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008