Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Øysteinson Sande

Olav Øysteinson Sande.

Olav Øysteinson Sande.

Olav Øysteinson Sande (1850-1927) frå Sande på Høyanger sørside. Han budde mesteparten av livet sitt i Leikanger. Lærar, målmann og samlar av folketonar og folkeminne. Gjekk på lærarskulen i Balestrand (sjå Balestrand kommune) i 1871.

Frå 1899 til kring 1923 samla Sande inn over 3000 folketonar for Norsk Folkemusikksamling i Oslo, frå Sunnfjord i nord til Agder i sør. Dette skal vere det største samlararbeidet som er gjort i Noreg, nest etter folketonesamlingane etter Arne Bjørndal.

I tillegg til samlararbeidet komponerte Sande også eigne melodiar. Olav Sande var medskipar av "Firda og Sygnafylkets avis" i Bergen. Han skreiv dei første bibelsogene på nynorsk, som kom ut i 1895.

I 1994 vart det reist minnestein over Sande på heimegarden hans, Instevik.

Minnesteinen over Olav Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesteinen over Olav Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2009