Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Sande

Olav Sande. Privat foto.

Olav Sande. Privat foto.

(1908-1991) frå Sandane. Forretningsmann og fotograf på Sandane og i Florø. Sande vart ein av dei største og mest allsidige forretningsmenn i Florø frå 2. verdskrig og mannsalderen etter. Som ung mann hadde Sande i 1931 starta fotoforretning, seinare også radioforretning i heimbygda Sandane. Her bygde han også radioapparat. Frå fotosamlinga har Fylkearkivet overteke kring 600 bilete som Sande tok i tidsrommet 1920-1940.

Olav Sande la ned verksemda på Sandane då krigen braut ut fordi han ikkje ville hjelpe tyskarane med teknisk utstyr og reparasjonar. I 1946 flytta han til Florø, der han bygde stort forretningsbygg og starta radiofabrikken Vest Radio, Vest Foto, bensinstasjon, og han vart bilforhandlar og hadde Ford-agenturet for Sogn og Fjordane. Radiofabrikken laga fleire hundre radioapparat under varemerket "Stad", men vart nedlagd etter ein brann i 1952.

Eit anna Sande-selskap - A/S Momentan - vart skipa for å produsere eit sjølvkonstruert kombiapparat med høgttalande telefon og radio i eitt. Den allsidige Sande hadde også planar om koffertfabrikk, starta urmakarforretning, og Sande Reisebyrå som hadde kontor i Florø og Alta. Reisebyrået var i drift til slutten av 1980-talet.

Olav Sande hadde også ekspedisjonen av sjøflyrutene som trafikkerte Florø før småflyplassen vart opna i 1971 (sjå "Samferdsle"). Som Ford-forhandlar var Olav Sande i mange år den nest største bilforretninga i fylket, etter Volkswagen-forhandlar Erling Berge i Førde. Son til Ola Sande.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.09.2009