Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Straume

Olav Straume (1909-1983) frå Framfjorden, busett i Leikanger, seinare i Vik. Fylkesarbeidssjef og Kristeleg Folkeparti-politikar.

Utdanna på skipsførarskule. Sekretær ved fylkesarbeidskontoret frå 1947, seinare avdelingsstyrar, og frå 1968 til 1976 fylkesarbeidssjef i Sogn og Fjordane.

Har hatt mange tillitsverv i kristelege organisasjonar. Medlem av kommunestyre og ulike offentlege styre i Leikanger. Var m.a. fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF. Vararepresentant til Stortinget 1954-1969, og møtte fleire gonger på tinget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2011