Hopp til innhold
X
Innhald

Ole E. Aaserud

Ole E. Aaserud. Foto utlånt av Odd Standal.

Ole E. Aaserud. Foto utlånt av Odd Standal.

Ole E. Aaserud (1912–1989) frå Hamar. Industrimann og verftseigar.

Starta med smie på Hamar

Aaserud vart ein av dei store industribyggjarane i Noreg og den største industribyggjaren i Sogn og Fjordane. Han bygde opp Ankerløkken-konsernet frå ei smie som faren Peder hadde starta på Hamar i 1927 til eit konsern med 1600 tilsette.

Største arbeidsplassen i Florø

I 1949 etablerte Ole E. Aaserud seg i Florø der han først starta med ein beskjeden mekanisk verkstad før han satsa på skipsbygging og starta Ankerløkken Verft. I Florø vart skipsverftet raskt den største arbeidsplassen og hjørnesteinsverksemda i kystbyen då silda svikta kring 1960.

Det tidlegare Ankerløkken-ferftet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare Ankerløkken-ferftet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

400 tilsette i Førde

I 1971 starta Ole E. Aaserud Ankerløkken Verft Førde på Øyrane Førde i eit anlegg som han leigde frå Statens Industrivekstanlegg – SIVA. I Førde hadde verftet på det meste over 400 tilsette, og var den klårt største arbeidsplassen i indre Sunnfjord før sentralsjukehuset i Førde opna i 1979.

Det tidlegare Ankerløkken-verftet i Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare Ankerløkken-verftet i Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1600 tilsette på det meste

I tillegg til verfta i Sunnfjord, eigde Aaserud m.a. Ankerløkken Verft Glommen i Fredrikstad. I byrjinga av 1970-talet hadde Ankerløkken-konsernet 1600 tilsette, verksemder i fem land, og over ein milliard kroner i omsetning.

Knust av skattesvikskuldingar

Ole E. Aaserud hadde sterke religiøse interesser og var m.a. styremedlem i Menighetsfakultetet. I 1975 vart han skulda for skattesvik, men vart frikjend i 1979. Riksaviser dekte skattesaka med store oppslag. Etter frikjenninga skreiv ein bitter og nedbroten Aaserud ein sjølvbiografi der han hevda at media knuste han helsemessig og som forretningsmann.

Tvinga ut

I 1979 kom Ankerløkken-konsernet opp i store økonomiske vanskar, og gründeren Ole E. Aaserud vart tvinga ut av leiinga. I Florø er ei gate kalla opp etter Ole E. Aaserud.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010