Ole Elias Holck

Ole Elias Holck. Eigar: Eidsvoll 1814.

Bauta over Ole Elias Holck på Alværa. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Ole Elias Holck (1774-1842) fødd i Leirvik, busett i Alværa ved Lavik. Offiser og politikar.
Svigerson til futen Simen Hansen. Secondløytnant Sogndalske Compagni 1797, premierløytnant Nordre Nordhordland Comp. 1801, Ytre Sogn Comp. 1801. Tenestegjorde i Danmark under krigen mot Tyskland 1812. Avanserte seinare til kompanisjef i Bergenhusiske Regiment 1809, og var generaladjutant før han slutta som offiser.
Eidsvollmann
Holck var utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814 frå Bergenhusiske Infanteriregiment, og sat seinare på Stortinget i 1818, 1824 og 1839 som representant for Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane fylke), og han var i tillegg vararepresentant 1815-16 og 1836.

Gravstaden til Ole Elias Holck ved Lavik kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK
På Riksforsamlinga er han kjend for sitt sterke engasjement for teksten til paragraf 1 i Grunnlova, der det heiter at Noreg skal vere eit fritt, udeleleg og sjølvstendig kongerike. Dette var til då den klåraste «sjølvstende-erklæringa» i ei grunnlov nokon stad.
Bygde ut Alværa
Han bygde ut Alværa til eit mønsterbruk, og sytte for at det vart bygt veg mellom Alværa og Lavik. I 1835 skreiv han «Forsøg til en Beskrivelse av Ladvig Præstegjeld» - ei geografisk og sosialantropologisk skildring av ytre Sogn tidleg på 1800-talet.
Holck ligg gravlagd ved Lavik kyrkje. På garden i Alværa reiste bygdefolket i 1914 ei minnestøtte over Eidsvolls-mannen.
Sjå også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 11.02.2014