Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Hansson Trollebøe

Ole Hansson Trollebøe (1784–1867) frå Trollebø. Fiskarbonde og redningshelt.

Under ein storm om natta den 18. januar 1835 hadde Ole Trollebøe og mannskapet hans såvidt berga seg i land då dei fekk melding om at ein femkeiping frå grannebygda Flatraket hadde kvelva med fem mann ombord. Alle fem hadde berga seg opp på kvelvet og sat der i fleire timar og ropa om hjelp. Naudropa vart høyrde i Osmundsvåg, og Ole Trollebøe baud seg til å berge. Saman med to av sønene og tre andre menn rodde han ut i nattemørkret, og med livet som innsats berga dei dei fem på båtkvelvet.

Prost Wilhelm Frimann Koren melde redningsdåden inn til kong Carl Johan som tildelte redningsheltane eit sølvstaup med innskrifta: ”Til Ole Hansen Trollebøe for kjæk og ædel Daad 1835”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2008