Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Isaksen von Holck

Ole Isaksen von Holck (1687-1759) frå Trondheim, busett i Leirvik. Han var offiser, og kjøpte garden Leirvik frå Knagenhjelm-slekta i 1745 og vart stamfar til den kjende offisersfamilien i Leirvik.

Holck vart kaptein for Vestre Ytre Sognske Kompani. I 1718 fekk von Holck heltestatus då han i forrykande vinterver tok seg gjennom general Armfeldst svenskehær og fekk varsla at kong Karl VII var skoten ved Fredriksteen Festning.

Han var så frosen at det tok han eit døgn å kome såpass til hektene at han fekk bere fram ærendet sitt. Ole Isaksen von Holck var far til Hans Henrik Hornemann Holck.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010