Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Jensson Berge

Ole Jensson Berge (1853-1928) frå Fortun. Bonde, fjellførar og hotelleigar. Ole var ein av dei første som dreiv som fjellførar i Jotunheimen. Frå 1894 til 1921 gjorde han i alt 131 turar til Store Skagastølstind (Storen).

I 1888 bygde han eit turisthotell på Turtagrø. Same året bygde Iver Nilsson Øiene hotell like ved på Turtagrø. Då Øiene drog til Amerika i 1910, kjøpte Berge også dette hotellet og dreiv det som anneks til sitt eige. Sidan har Turtagrø hotell vorte drive av slekta Berge/Drægni.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011