Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Johannes Øvretveit

Foto: Merete H. Høidal , NRK

Foto: Merete H. Høidal , NRK

Ole Johannes Øvretveit fødd 1967 på Sande. Journalist, forfattar og komikar.

Arbeidde som journalist i Firda og Sogn Dagblad. Frå 1996 til 1997 var han den siste redaktøren i Sogn Dagblad. Skipar og redaktør i Årdal og Lærdal Avis 1997, og medskipar av Sogndal Avis i 1997. Vakstjef i Bergensavisen (BA) 1997, og frå 2000 journalist i NRK Sogn Fjordane og avisa Firda.

Han gav i 1994 ut boka ”Mat for ekte mannfolk” (Eides Forlag), ”Vestlandsk verandafilosofi” i 2007 (Penna Forlag), ”Doktoren og vesledoktoren” i 2011 (Skald Forlag), og han har elles arbeidd som stand up-komikar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2015