Ole Martinus Erdal

Ole Martinus (O.M.)Erdal 1848–1914. Bonde, politikar og organisasjonsmann. Utdanna agronom.
Han var eigar av ein stor gard på Skei: «Baron-garden», og arbeidde som prisdommar for hest. I 1890 skipa han Førde jordbrukslag og var styremedlem i Sogn og Fjordane Landbruksselskap og for Mo jordbruksskule. Ordførar i Førde 1896–1898 og 1905–1914, og direktør i Førde Sparebank. Erdal gav fri tomt til sparebanken (Gamlebanken), barneskule og bedehus. Han kjøpte fallrettane i Brulandsfossen frå fossespekulantar, og overdrog dei seinare vederlagsfritt til kommunen, som bygde kraftverk i 1914.
Tildelt Borgardådsmedaljen.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 26.03.2008