Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Olson Berqvam

Ole Olson Berqvam (1831–1909) frå Flåm i Aurland.

Fehandlar som i 1872 kjøpte garden Falkenstein på Skei (sjå Prestegarden på Skei), og er stamfar til Forretningsfamilien Berqvam. Ein annan fehandlar frå Aurland som kjøpte sentral gard i Førde var Jon Flom.

Segna seier at Ole Olson Berqvam vann Falkenstein-garden på pokerspel i skjenkestova i Sjøahola, og at bonden som tapte spelet – Rognald Andersen Indrebø – måtte flytte ut og busette seg i Vevring, der familien seinare tok familienamn Falkensten (sjå Kjende personar i Naustdal).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2008