Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Torjusson Svanøe

Ole Torjussen Svanøe, foto av måleri som heng på Svanøy Hovudgard.

Ole Torjussen Svanøe, foto av måleri som heng på Svanøy Hovudgard.

Ole Torjusson Svanøe f. Helling (1778-1859) frå Ål i Hallingdal. Bonde, haugianar og politikar.

Etter å ha møtt Hans Nielsen Hauge i 1801, selde han odelsgarden sin på Helling i Hallingdal og kjøpte i 1804 Svanøy-godset av Hauge. Der tok han familienamnet Svanøe, som slekta har kalla seg sidan. På Svanøy reiv Ole Torjusson fleire hus i tunet og bygde dei attåt hovudhuset slik at det danna ein samanhengande bygning kring eit indre tun. Her budde Ole Torjusson Svanøe og dei andre «venene» i eit stort kollektiv. Han fekk handelsborgarskap i Bergen, bygde sagbruk og skipsverft og hadde eigne fiskebåtar og jekter. Etter oppmoding frå Hans Nielsen Hauge bygde han saltkokeri ved Svanøybukta i 1809.

Ole Torjussen gjorde Svanøy til det sentrale knutepunktet for Hauge-rørsla på Vestlandet.

Kring 1817 sysla Ole Torjusson Svanøe med planar om å skipe ein skule for unge gutar som kunne verte lærarar kringom i bygdene. Han ville sjølv yte 1000 dalar i tilskot og fritt tilhald for skulen i hovudbygningen på garden. Men då mannen som skulle vert skulestyrar brått døydde, vart planane om ein «lærarskule» på Svanøy lagd bort.

Ole Torjusson Svanøe var representant til det omframme Stortinget hausten 1814, og seinare stortingsrepresentant i 1821, 1824, 1827, 1836 og 1842, og vararepresentant 1818 og 1833. Tildelt borgardådsmedaljen. Far til Christopher Olsson Svanøe.

Svanøy hovudgard har vore eigd av slekta til Ole Torjusson i ubroten line sidan, men den store praktbygningen og tunet elles vart overdrege til Svanøy Stiftelse i 1972.

Ole Torjusson Svanøe flytta fleire hus inntil hovudbygningen på Svanøy Hovudgard, slik at det vart ein samanhengande bygning rundt eit tun. I framgrunnen Ole Svanøe, som er ein direkte etterkommar av Ole Torjusson Svanøe. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ole Torjusson Svanøe flytta fleire hus inntil hovudbygningen på Svanøy Hovudgard, slik at det vart ein samanhengande bygning rundt eit tun. I framgrunnen Ole Svanøe, som er ein direkte etterkommar av Ole Torjusson Svanøe. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2010