Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Vik

Ole Vik (1817–1861) frå Stryn. Bonde på Storgarden Vik og første ordførar då Stryn vart skild frå Innvik som eigen kommune i 1845.

Vart ved arv etter Frimann-slekta på Davik (sjå m.a. Claus Frimann) ein av dei rikaste menn i Nordfjord: Han eigde herregarden Vik, Olden-kyrkja med gods, 18 gardar på Sunnmøre, og store eigedomar i Davik, Markane og på Visnes.

I løpet av få år hadde han øydd bort det meste av formuen som kausjonist for ein slektning i Ålesund.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.02.2010