Hopp til innhold
X
Innhald

Ottar Wiik

Foto: Arild Nybø, NRK.

Foto: Arild Nybø, NRK.

Ottar Wiik fødd 1952 i Vaksdal, busett i Vik. Arkitekt, visediktar og radiokåsør.

Tilsett som arkitekt hos firma Vikøren i Vik i 1980, og var i fleire år fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane. Han har skrive ei mengd viser med humoristisk innhald, og turnert i Folkeakademia saman med sambygdingane Jens Brekke og Ragnar Hove.

Wiik skreiv også teksten til fylkessongen «Sogn og Fjordane» i samband med ein TV-serie. Han gav i 1995 ut vise-CD-en "Her langs fjorden".

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011