Hopp til innhold
X
Innhald

Otto Schreuder

Otto Schreuder.

Otto Schreuder.

Otto Wilhelmson Schreuder (1856-1941), fødd i Bergen, busett i Skjerjehamn. Forretningsmann og Høgre-politikar.
Nokre år etter at faren Wilhelm Schreuder drukna, overtok Otto den gamle handels- og gjestgjevarstaden Skjerjehamn i 1880.

Schreuder med motorbåt og skaldyr

Han bygde Skjerjehamn ut til ei stor verksemd med hotell, stort handelshus, trelasthandel og eksport av fisk og hummar til England. I 1903 vart han ein av dei første i Sogn og Fjordane som kjøpte motorbåt.

I tillegg hadde han dampskipsekspedisjonen, post og telefonstasjon. I 1886 var han ein av skiparane av Gulen Sparebank. Schreuder var stortingsrepresentant 1903-1906. Tildelt 7. juni-medaljen i 1906. Selde Skjerjehamn i 1918 og flytta tilbake til Bergen.

Son til Wilhelm Schreuder og svigerfar til Johannes Steine.

Skjerjehamn slik det såg ut i 1899, på Otto Schreuder si tid. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skjerjehamn slik det såg ut i 1899, på Otto Schreuder si tid. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2009