Hopp til innhold
X
Innhald

Øystein Orre Andersson Hovden

Øystein Orre Andersson Hovden (1901 -) fødd i Sande i Vestfold, ei tid busett i Gulen. Prest.

Øystein Orre Andersson Hovden (1901 -) fødd i Sande i Vestfold, ei tid busett i Gulen. Prest.

Sokneprest i Gulen 1927-1937. Vart deretter sokneprest i Verdal, og i Vang ved Hamar frå 1948. I 1950 vart han domprost i Hamar. Opna Vang kyrkje for ordinasjon av den første kvinnelege presten i Noreg, Ingrid Bjerkås i 1961.

Han var son til den kjende salmediktaren Anders Hovden frå Ørsta, og skreiv sjølv ei mengd songar og salmar. M.a. skreiv han «Eivindvik-songen» i åra han budde i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011