Hopp til innhold
X
Innhald

Øystein Rakkenes

Øystein Rakkenes fødd 1956 i Tromsø. Oppvaksen i Måløy og Deknepollen, busett i Oslo. NRK-journalist og forfattar.

Øystein Rakkenes fødd 1956 i Tromsø. Oppvaksen i Måløy og Deknepollen, busett i Oslo. NRK-journalist og forfattar.

Han har vore sjømann og har m.a. arbeidd som rådgjevar for Dalai Lama. Har arbeidd som programleiar i NRK og som TV-produsent sidan 1989.

Forfattarskap

Rakkenes gav i 2001 ut boka «Havlandet» (Selja forlag) saman med tyskfødde Thomas Bickhardt (fødd 1963) som er busett på Kråkenes fyr. I 2003 «Himmelfolket. En norsk høvding i Zululand» (Cappelen forlag). Boka handlar om misjonæren Hans Paludan Smith Schreuder frå Sogndal.

Amanda-pris

I 2010 fekk Rakkenes Amanda-prisen for dokumentarfilmen ”Brødre i krig”, som han var regissør for. Filmen handlar om to brør som hamna på kvar si side i andre verdskrigen. Ei bok med same tittelen vart gitt ut på Pax forlag i 2010.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.03.2012