Hopp til innhold
Alf Prøysen i heimen sin i Nittedal i 1964. Foto: Rigmor Dahl Delphin/ Oslo Museum.
Alf Prøysen i heimen sin i Nittedal i 1964. Foto: Rigmor Dahl Delphin/ Oslo Museum.
X
Innhald

Alf Prøysen

Alf Olafsen Prøysen skreiv barne- og vaksenlitteratur på ringsakerdialekt. Visene hans vart folkeeige, og barnebøkene om Teskjekjerringa gjorde han verdskjend.

Alf Prøysen var fødd 23. juli 1914 på Ringsaker i Hedmark og døydde 23. november 1970. Etter folkeskulen var han elev på framhaldsskulen i Veldre i 1929–30 og på Ringsaker amtsskole i 1931–32.

Han hadde kunstnardraumar, men vart først gardsarbeidar ulike stader. Under andre verdskrigen arbeidde han på ein gard nær Statens småbrukslærerskole i Asker, der han var med på å lage studentrevyar. Han var òg med på studentrevyen ved Universitetet i Oslo i 1945.

Frå 1938 fekk han tekstar på trykk i Arbeidermagasinet. Starten på forfattarskapen, nesten alltid på dialekt, var novellesamlinga Dørstokken heme, som kom i 1945. Barnebokdebuten, Lillebrors viser, kom i 1949. Den einaste romanen, Trost i taklampa (1950), vart omarbeidd for scenen. Stykket vart første gongen oppført på Det Norske Teatret i 1952. Seinare vart det både film og musikal.

I 1952 debuterte Prøysen i barnetimen for dei minste i NRK Radio. Han spela gitar og song viser, knytte saman med små historier om fru Bollerud, gamle Marte og 'n Baldrian. Mykje av det populære stoffet kom etter kvart i bokform. Innslaga i andre NRK-program, mellom anna i Søndagsposten, var òg høgt skatta. Prøysen samla fleire viser og gjorde gjendiktingar frå svensk og engelsk av mellom andre Elsa Beskow, Wilhelm Moberg og Charles Sale. Saman med Inger Hagerup gjendikta han britiske barnerim.

Prøysen fekk fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt.

(Artikkelen held fram under videoen)
Lydvideo: «Du skal få en dag i mårå» av Alf Prøysen
Ny giv for visekunst
Med hjelp frå lesarane i Magasinet for alle samla Prøysen, Nils Johan Rud og Ulf Peder Olrog frå svensk visearkiv drygt 1500 viser i åra 1954–62. Nokre av visene vart prenta i tidsskriftet. Prøysen ønskte å lage ei utgiving med kommentarar, men det vart ikkje realisert i hans levetid. Rud redigerte eit utval i De gamle visene med Alf Prøysen i fire bind (1972–75). Prøysen var viktig for den aukande viseinteressa i 1960-åra og var med i redaksjonen av tre store visebøker i tidsrommet 1954–70.
Prøysens univers
Prøysen sine eigne viser for vaksne og barn vart raskt folkeeige, men visa, «Så seile vi på Mjøsa», er gjendikta frå svensk og er rik på undertekstar. Prøysen kunne kunsten å kombinere underet med det heimlege. Ikkje minst gjeld det «Julekveldsvise», der juleevangeliet får heilnorske kulissar. I 1960-åra laga han barne-TV saman med Anne Cath. Vestly i den halvt surrealistiske serien Kanutten, men det var helst kvardagslivet han var oppteken av. Det finst meir i forfattarskapen enn flyktig glede og nostalgi. Diktinga er nesten alltid sosialhistorie – om fråflytting, fattigdom og vanskeleg klassereise.
Sjølv om han såg på dei små i samfunnet med empati, har mykje av diktinga ironisk distanse og kan vere åtak på tradisjonelle kjønnsroller. Bodskapen om sjølvkjensle gjennomsyrer mykje av diktinga, særleg for barn. Prøysen henta inspirasjon frå revyar og skillingsviser, og han alluderte til motiv og karakterar frå folkediktinga, der dyra kan tale, verda er bakvend og menneska kan verte ørsmå. Bøkene om Teskjekjerringa er eit døme, og med dei vart han kjend i mange land.
(Artikkelen held fram under videoen)
I videoen fortel Alf Prøysen om husdyr og gardstradisjonar frå oppveksten, og han framfører nokre av songane han skreiv. Video: NRK Skole
Kultfigur
Prøysen laga sjølv melodiar, men fekk òg hjelp frå Bjarne Amdahl, Geirr Tveitt og andre. Mange Prøysenviser har vorte gjengangarar i NRK, og skodespelarar og songarar, frå Tom Tellefsen til Lars Lillo Stenberg, har nærmast udøyeleggjort han. I 1994 gav Stenberg og andre artistar sine Prøysentolkingar på CD-en Med blanke ark. Mellom biletkunstnarar som har illustrert arbeid av Prøysen, er Borghild Rud og Kjell Aukrust.
Ringsaker kommune kjøpte barndomsheimen til Prøysen i 1980-åra, og foreininga Prøysens venner vart raskt skipa. Dei gir ut bladet Prøysenvennen og Prøysenårboka. Frå 1990 til 2001 arrangerte dei visefestivalen Blåklokkevikua, som sidan har vore Prøysenhuset sitt arbeidsfelt. Prøysenhuset stod ferdig som museum i 1997, og Sivert Donalis skulptur «Solskinn og sang» (1989) er plassert der. I 2001 vart Donali sin skulptur «Trubaduren» plassert i Nittedal.
Prøysenprisen og Teskjekjerringprisen vart første gongen utdelte i 1974, og Alf Prøysens ærespris i 1975. Olav Mosebekk måla eit portrett av Prøysen i dødsåret, og folk frå heile landet viste Prøysen ære året etter, med steinar til monumentet «Steinrøysa neri bakken» utanfor NRK-huset på Marienlyst. Monumentet vart avduka i 1971 av Hans Jacob Ustvedt, Otto Nielsen og Erik Bye.
Prøysen var heidersmedlem av Visens venner. Mellom prisane han fekk, er Norsk kulturråds ærespris i 1970 og post mortem Kyrkjedepartementets heiderspris i 1971. Prøysen er gravlagd på æreskyrkjegarden på Vår Frelsers gravlund.

Tango for to
Å, du store mi ti', der kjem den som jeg elsker
der kjem Tango for to,
og sjå rett over golvet kjem den je er reddest for,
hæin Gunnar på Mo.
Je får bøye meg og gjøra som je rote litt i veska mi,
og det lyt skje fort.
Ja, je tenkte det - nå står'n her og byr meg opp
så nå er det gjort.

Nå er det Tango for to, det er ingen som kæin tango som hæin Gunnar på Mo!
Det bruser hett i mitt blo', hvis je bære itte hadde slike høghæla sko.
Ta et trinn fort og et trinn dit
og et trinn bort og et trinn hit,
og så kjem det je itte kæin.
Traram-tatam, traram-tatei, traram-tatam, tra
- å, je snuble bære lite græinn.
Det var visst noen som lo?
Å, ja vel, det var'a Klara,
det var det je forsto.
Nå kæin hu stå der å glo
det var meg hæin Gunnar tok med seg i Tango for to

Utdrag frå "Tango for to" av Alf Prøysen, først publisert i programposten Marienlyst 2 på NRK Radio i 1957. 
Kjelder
Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 6 og 7. Oslo 1995 og 1997
Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997
Velle Espeland: «Alf Prøysen i norsk visetradisjon», i Knut Imerslund (red.): Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen. Oslo 2002
Knut Fjæstad: En dag i mårå. Unge år med Alf Prøysen. Oslo 1979
Sonja Hagemann: Barnelitteratur i Norge 1914–1970. Oslo 1978
Knut Hauge: «Alf Prøysen på dørstokken heme», i Knut Imerslund (red.): Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen. Oslo 2002 (første gongen trykt i Syn og Segn nr. 1/1971)
Knut Imerslund (red.): Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen. Oslo 2002
Elin Prøysen: Pappa Alf. Oslo 1989
Elin Prøysen: «Pionerarbeid for folkelige viser», i Elin Prøysen: Pappa Alf. Oslo 1989
Øystein Rottem: «Grisekokken som ble rikskjendis», i Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 6. Oslo 1995
Ove Røsbak: Alf Prøysen. Præstvægen og sjustjerna. Oslo 1992
Vidar Sandbeck: «På Prestvægen var alle like. Alf Prøysen i samtale med Vidar Sandbeck», i Knut Imerslund (red.): Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen. Oslo 2002
Aksel Sandemose: «En ny mann forteller, i Knut Imerslund (red.): Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen. Oslo 2002
Guri Velure: «Bibliografi over Alf Prøysen», i Geir Vestheim (red.): Ei bok om Alf Prøysen. Oslo 1980
Geir Vestheim (red.): Ei bok om Alf Prøysen, med bibliografi av Guri Velure. Oslo 1980
Torhild Viken og Jan Haug: Alf Prøysen. Et portrett i tekst og bilder, med diskografi, bibliografi og eit oversyn over teateroppsetjingar. Oslo 1989
Viseforum nr. 2/2002
Jan Erik Vold: «Prøysen på Mjøsa», i Knut Imerslund (red.): Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen. Oslo 2002
Einar Økland: «Det var då det – », i Knut Imerslund (red.): Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen. Oslo 2002
Peikarar


Vidare lesing

Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005

Imerslund, Knut: Det er så vemodig mange viser : samtaler om Alf Prøysen, 2004

Imerslund, Knut, red.: Alf Prøysen - idylliker eller opprører?, 1995

Imerslund, Knut, red.: Graset er grønt for æille, 2002

Norsk biografisk leksikon 2. utg.

Røsbak, Ove: Alf Prøysen : Præstvægen og Sjustjerna, 1992

Prøysenårbok, utgitt av Prøysens venner, 2002- (4 bind utgitt)

Vestheim, Geir, red.: Ei bok om Alf Prøysen, 1980

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 19.03.2014
Sist oppdatert: 04.09.2018