Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Grete Preus

Anne Grete Preus, vokalist, rockartist og komponist. Preus har gitt ut ei rekkje album og syng på norsk.
 

Anne Grete Preus, fødd 1957, vokalist, rockartist og komponist som debuterte med gruppa Veslefrikk. Seinare var ho med i Can Can, som fekk Spellemannprisen i 1985, og etter kvart vart ho soloartist.
Anne Grete Preus skriv dei fleste tekstane på norsk.
Preus har mange plateutgivingar bak seg, mellom andre Veslefrikk (1980), En lek i forhold (1984), Fullmåne (1988), Lav sol! Høy himmel (1989), Millimeter (1994, tre Spellemannprisar 1995), Vrimmel (1996), Alfabet (2001), Når dagen roper (2004), Om igjen for første gang (2007), Nesten alene (2009) og Et sted å feste blikket (2013).

Preus har også skrive musikk til både teater og film.
Ann Grete Preus vann Spellemannprisen med Can Can for En lek i forhold (1985). Som soloartist vann ho Spellemansprisen i 1994 både for Årets album Millimeter, Årets låt og Årets kvinnelege artist. i 2013 mottok ho heidersprisen.
Ho er også tildelt fleire andre prisar, mellom anna Prøysenprisen i 2007.
 
 
Pressefoto frå annegretepreus.no
 
 
 
 
Sjå video med Anne Grete Preus:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.10.2013
Sist oppdatert: 20.01.2014