Hopp til innhold
X
Innhald

Antoine Pevsner

Antoine Pevsner, 1886–1962, var russisk-fransk målar og bilethoggar, og bror av Naum Gabo.

Saman med broren gav han ut Realist Manifesto 1920. Pevsner var ein av dei viktigaste russiske konstruktivistane. Han er kjend for nonfigurative skulpturar med luftige konstruksjonar av trådar over sfæriske flater.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016