Hopp til innhold
Arto Paasilinna.
Arto Paasilinna.
Foto: Aschehoug forlag. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Arto Tapio Paasilinna

Arto Tapio Paasilinna, finsk forfattar som har skrive ei lang rekkje fantasifulle, humoristiske romanar som tek utgangspunkt i finsk daglegliv, men der alt det normale blir gjort om til absurde situasjonar.

Arto Tapio Paasilinna er fødd 20. april 1942 i Kittilä i Finland. Etter grunnskulen har han eit årskurs ved Lapplands folkhögskola. Han var ei tid redaktør i ymse aviser og tidsskrift, og han tok til å skrive dokumentar- og halvdokumentarforteljingar før han tok spranget over i romansjangeren.

 

I 1972 debuterte Paasilinna som forfattar med Operaatio Finlandia, men det var først med Jäniksen vuosi (1975) at suksessen kom for alvor. Denne romanen er omsett til ei lang rekkje språk og blir gjerne rekna som Paasilinna si viktigaste bok. På norsk heiter boka Harens år og er omsett av Nøste Kendzior (2004). Kendzior har òg omsett Den ulende mølleren og De hengte revers skog (begge frå 2006).

 

Blant dei mange andre titlane som er omsette til norsk, finn vi Kollektivt selvmord (2007) og Den elskelige giftblandersken (2008), begge omsette av Tor Tveite.

 

Paasilinna skaper gjerne historiene sine ut frå det som verkar som vanlege finske menneske og vanleg finsk daglegliv. Dette snur han på hovudet når han lèt personane boltre seg i dei mest utrulege hendingar, der grensene mellom røyndom og oppspinn blir oppheva. Bøkene hans blir dermed ofte karakteriserte som ei moderne form for eventyrforteljingar. Hovudkarakteren dreg saman med andre likesinna ut på vidløftige reiser, og han (sjeldan ho) reflekterer (på sin skjelmske og satiriske måte) over det han ser og opplever. Humor og fantasi er sentrale stilistiske verkemiddel hos Paasilinna.

 

Kjelder

«Arto Paasilinna», presentasjon på heimesida til Aschehoug: https://www.aschehoug.no/Forfattere/Vaare-forfattere/Arto_Paasilinna [lesedato 11.9.2017]

Kalevi Kalemaa: «Paasilinna, Arto», Biografiskt lexikon för Finland, blf.fi: URN:NBN:fi:sls-5056-1416928957662 [lesedato 11.9.2017]

 

Peikarar

Lydbokforlaget: Lydbøker med Arto Paasilinna

https://www.lydbokforlaget.no/arto-paasilinna

Erik Valebrokk: «Paasilinna er over oss igjen» https://www.erikvalebrokk.no/6099-2/

Sveriges Radio: «Vaken med P3 och P4. Sugen på en författare? Här är listan över världens 10 bästa böcker», sverigesradio.se, publisert 13.10.2016 http://sverigesradio.se/sida/artikel.aspx?programid=2689&artikel=6539436

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 06.12.2017