Hopp til innhold
X
Innhald

Arvo Pärt

Arvo Pärt, fødd 1935, er estisk komponist. Etter ein søkjande periode i sekstiåra, der han var innom både neoklassiske og serielle komposisjonsmåtar, framstår han frå 1976 av først og fremst som ein komponist av religiøse verk i ein ofte asketisk mediterande stil.
Sentrale vokalverk er Johannespasjonen (1981–82), Stabat Mater (1985) og Miserere (1989). I tillegg kjem fleire orkester- og instrumentalverk.
 
Foto: AOP Images Flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: AOP Images Flickr.com CC BY-NC-ND

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.05.2014