Hopp til innhold
X
Innhald

Auguste Piccard

Auguste Piccard, 1884–1962, var sveitsisk fysikar. Han gjorde fleire ballongoppstigingar til stratosfæren, og nådde i 1932 opp i 16 940 m. Piccard konstruerte ei dykkarklokke kalla batyskaf, og med den nådde han ei djupn på 3150 m under havoverflata i 1953. Tvillingbroren Jean P., 1884–1963, nådde ned til 5700 m under havoverflata med batyskafen «Trieste» i 1959.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2011
Sist oppdatert: 12.12.2011