Hopp til innhold
X
Innhald

Bård Magne Pedersen

Bård Magne Pedersen, tidlegare fylkesagronom, administrasjonssjef og assisterande fylkesmann. I 2013 blei han konstituert fylkesmann i Troms.

Bård Magne Pedersen er fødd 1956 i Tromsø. Han var elev ved Nordreisa videregående skole i 1972–75, studerte ex.phil., biologi og kjemi ved universitetet i Tromsø i 1977–78 og jordfag ved Norges landbrukshøgskole (no NMBU) i 1979–83.

Pedersen var tilsett som konsulent i Det norske jord- og myrselskap i 1983–87 og arbeidde med jordkartlegging i eit Norad-prosjekt i Zambia i 1984–86. Han var fylkesagronom ved fylkeslandsbrukskontoret i Troms i 1987–93. Pedersen har arbeidd som administrasjonssjef hos fylkesmannen i Troms sidan 1993, og i 2004 blei han assisterande fylkesmann. Fram til den nye fylkesmannen, Elisabeth Aspaker, tiltrer, tidlegast etter stortingsvalet i 2017, er Bård Magne Pedersen konstituert i stillinga som fylkesmann i Troms.

Interkommunalt samarbeid har vore ei viktig sak for Pedersen sidan 1980-åra, og han har vore med på å knyte ulike fagmiljø tettare saman. Han har òg vore sentral i prosjektet «Sjumilssteget».

Bård Magne Pedersen har hatt fleire administrative verv og tillitsverv, og han er mellom anna leiar for Samisk språkutval.

Kjelder

«Bård Magne Pedersen konstituert som fylkesmann i Troms», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/Bard-Magne-Pedersen-konstituert-som-fylkesmann-i-Troms/id2000378/ [lesedato 23.10.2016]

Tarjei Berg: «Han kan bli kongens mann … nok en gang», itromso.no: http://www.itromso.no/nyheter/article9964664.ece [lesedato 23.10.2016]

Peikarar

Mette Ballovara: «– Må finne måter å berge samiske språk», nrk.no 

Om «Sjumilssteget» 

Først publisert: 08.05.2017
Sist oppdatert: 08.05.2017