Hopp til innhold
X
Innhald

Einfrid Perstølen

Einfrid Perstølen, målkvinne og psykiater. Ho arbeidde målretta for dei viktige symbolsakene som kunne gjere nynorsk til eit alminneleg språk.

Perstølen var fødd i Ål 15. juni 1917 og døydde 7. januar 2017. Ho utdanna seg til spesialist i psykiatri og barnepsykiatri, var assisterande overlege ved avdelinga for barne- og ungdomspsykiatri ved Oslo helseråd 1961–72 og dreiv seinare eigen praksis.
 
Språksikker og meiningssterk som ho var, blei ho frå 1976 mykje brukt som radiokåsør. Ho var med i medisinarmållaget Eir, og ho tala varmt og arbeidde målretta for mange nynorske kampsaker, til dømes nynorske frimerke. Då ho ville ha pengesetlar med nynorsk tekst, oppsøkte ho jamvel seteltrykkeriet til Noregs Bank for å få best mogleg kjennskap til saka. Resultatet kom då Noregs Bank laga femtikronesetelen med A.O. Vinje som motiv i 1985.
 
Perstølen var styremedlem i Noregs Mållag 1966–71 og medlem av Norsk språkråd 1976–84. Ho blei i 1992 æresmedlem i Noregs Mållag.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 15.06.2020