Hopp til innhold
Erling Pedersen. Foto: Halvor Pedersen, med løyve frå Aschehoug.
Erling Pedersen. Foto: Halvor Pedersen, med løyve frå Aschehoug.
X
Innhald

Erling Pedersen

Erling Pedersen er forfattar og dramatikar.

Erling Pedersen, fødd i 1947, er forfattar og dramatikar. Han debuterte i 1972 med novellesamlinga Rottenes konge, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Den andre novellesamlinga, Kraftoverføring, kom i 1985. Pedersen har òg skrive romanen Ventetid (1977) og slektssyklusen med Din plass på jorda (1981), Solregn over Skrede (1991), Smaken av jern (1998) og Brødre (2001). Seinare skreiv han serien Kongens merke (2006), Kongens kvinner (2008), Kongens ære (2011) og Høst (2015). Pedersen skriv òg ungdomsbøker, høyrespill og skodespel. Han fekk Språklig samlings litteraturpris i 1982.

Først publisert: 10.05.2016
Sist oppdatert: 10.05.2016