Hopp til innhold
X
Innhald

Erwin Panofsky

Erwin Panofsky, 1892–1968, var tysk-amerikansk kunsthistorikar.

Panofsky var ein av grunnleggjarane av idéhistorisk motivtolking, ikonologi. Han gav mellom anna ut Gothic Architecture and Scholasticism (1951), Early Netherlandish Painting (1953) og Meaning in the Visual Arts (1955).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 23.09.2016