Hopp til innhold
Foto: Pressefoto auf.no
Foto: Pressefoto auf.no
X
Innhald

Eskil Pedersen

Eskil Pedersen, politikar og tidlegare leiar i ungdomsorganisasjonen Arbeidernes ungdomsfylking (AUF). Han var AUF-leiar under Utøya-massakren 22. juli 2011.

Eskil Pedersen er fødd 6. mars 1984 i Porsgrunn og voks opp i Skien i Telemark. Han gjekk på Brekkeby videregående skole i 2000–03 og har begynt på ein bachelorgrad i statsvitskap og emne i europeiske og amerikanske studium ved Universitet i Oslo. Eskil Pedersen er assisterande kommunikasjonsleiar i Nortura.

Pedersen blei politisk aktiv i AUF i 1999 og var leiar i Telemark AUF i 2001–04, leiar i Oslo AUF i 2006, nestleiar i ungdomsorganisasjonen i 2006–10 og leiar 2010–14. AUF er det største politiske ungdomspartiet i Noreg. Han var medlem av Telemark fylkesting for Arbeidarpartiet i 2003–07, varamedlem til Oslo bystyre i 2007–11 og medlem i Oslo bystyre 2015–19. Etter å ha tapt kampvoteringa om 3.-plassen på stortingslista til Telemark Ap, blei han nominert på 7.-plass til stortingsvalet i 2013 og er vararepresentant til Stortinget i perioden 2013—17.

Politisk arbeider han for omfordeling av ressursane på jorda, mot privatisering av skulen, for ein meir human asylpolitikk, for miljø og berekraftig utvikling og mot norsk EU-medlemsskap. Han overlevde massakren 22. juli 2011 og har sidan vore mykje profilert i massemedia.

Pedersen har vore styremedlem i Telemark Nei til EU.

Kjelder

Om Eskil Pedersen på nrk.nohttp://www.nrk.no/programmer/radio/stjerneklart/1.7885904 [lesedato 18.8.2013]

Peikarar

Bloggen til Eskil Pedersen

«Eskil Pedersen vant kampen om ledervervet i AUF», vg.no

«Pedersen tapte kampvotering – stortingsdrømmen knust», tv2.no

«Eskil Pedersens valg», morgenbladet.no

«Rekordstort medlemstall i AUF», nettavisen.no

«Dette mener ungdomspartiene», ung.no

Først publisert: 09.12.2013
Sist oppdatert: 30.06.2017