Hopp til innhold
X
Innhald

Friedrich Paschen

Friedrich Paschen, 1865–1947, var tysk fysikar. Han gjorde viktige undersøkingar i spektroskopi og utførte nøyaktige målingar av spektrallinjene sine bølgjelengder. Paschen oppdaga i 1908 hydrogenspektret i den infraraude delen av spektret, paschenserien, som blei viktig for atomteorien til Bohr.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2011
Sist oppdatert: 12.12.2011