Hopp til innhold
Geir Pollen. Foto: © Julie Pike/Gyldendal.
Geir Pollen. Foto: © Julie Pike/Gyldendal.
X
Innhald

Geir Pollen

Geir Sigmund Pollen, forfattar og omsetjar, har skrive bøker i fleire sjangrar, både på nynorsk og bokmål. Ei særleg bragd er omsetjingane av bøkene til den tyske forfattaren W.G. Sebald.

Geir Pollen er fødd 4. april 1953 i Målselv kommune i Troms og er busett i Moskva. Han har mellomfag i russisk (1975) og tysk (1976) frå Universitetet i Oslo og hovudfag i nordisk frå Universitetet i Tromsø (1982).

Pollen arbeidde som lektor i norsk og tysk ved Nordreisa videregående skole (no Nord-Troms videregående skole) frå 1980 til 1984 og ved Lena videregående skole i Østre Toten kommune frå 1984 til 1999. Frå 2001 til 2005 var han formann i Den norske Forfattarforeining. I dei seinare åra har Pollen budd i Russland. Han var lektor i nordisk ved Statsuniversitetet i St. Petersburg frå 2007 til 2014. Frå 2015 har han tilsvarande stilling ved Statsuniversitetet i Moskva.

Pollen debuterte med diktsamlinga Posteringar i språket (1982), som han skreiv på nynorsk. Også dei to neste diktsamlingane hans, Det planlagde kaos (1985) og Variasjonar I–XXX (1989), og den første romanen, Ål (1991), var skrivne på nynorsk. Men sidan Fall (1994) har Pollen skrive bokmål. Særleg romanen Hutchinsons Eftf. (1998) vitnar om Pollens språklege og stilistiske evner, og om det fabulerande viddet hans. I 2010 gav han ut romanen Raskolnikovs hus. Pollen har òg skrive sakprosa. Bedriftshistoria Langt fra stammen. Historien om Norske Skog kom i 2007 og Armfeldts armé. Historien om en katastrofe kom i 2014.

Pollen har omsett både dikt og romanar. Den franske poeten Yves Bonnefoy har fått nynorsk språkdrakt i Ein eld går føre oss (1999). Det same har den japanske forfattaren Yoko Tawadas Men mandarinane må vi få røva i kveld (2007). Forfattarskapen til W.G. Sebald har Pollen gitt eit stilsikkert, komplekst og umiskjenneleg uttrykk på bokmål, mellom anna i De Utvandrede (2001), Saturns ringer (2002) og Austerlitz (2004).

Pollen har òg jamleg skrive litteraturkritikk i Klassekampen. I 1986 publiserte han essayet «Hauge og dei tydde teikna» i tidsskriftet Vinduet, om Olav H. Hauge si diktsamling På ørnetuva.

Romanen Hutchinsons Eftf. blei nominert til både Brageprisen (1998) og Nordisk råds litteraturpris (1999). I 1999 fekk Pollen Østre Toten kommunes kulturpris, og i 2004 fekk han Kritikarprisen for omsetjinga av Sebalds Austerlitz.

Kjelder

E‑postar frå Geir Pollen 2.11.2015 og 3.11.2015

Øystein Rottem: «Geir Pollen», snl.no: https://snl.no/Geir_Pollen [2.11.2015]

Geir Pollen si forfattarside på nettstaden til Gyldendal, gyldendal.no: http://www.gyldendal.no/Forfattere/Pollen-Geir [2.11.2015]

Peikarar

NRK: «Bokprogrammet», innslag der Geir Pollen er litterær guide i St. Petersburg, nrk.no

Sten Inge Jørgensen si melding av Armfeldts armé i VG 8.9.2014, vg.no

Først publisert: 09.03.2016
Sist oppdatert: 28.02.2017