Hopp til innhold
Geir Pollestad. Foto: Stortinget.
Geir Pollestad. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Geir Pollestad

Geir Pollestad, jurist og stortingsrepresentant for Senterpartiet. Jærbuen har vore ein profilert distriktspolitikar, uavhengig av om han har arbeidd med kommunal-, sosial-, energi-, samferdsels- eller næringspolitikk.

Geir Pollestad er fødd 13. august 1978 i Hå på Jæren. Etter å ha fullført vidaregåande skule på Bryne i 1997 studerte han økonomi i Stavanger i 1998–99 og juss i Bergen i 1999–2006. Han arbeidde som advokatfullmektig i Projure Advokatfirma i 2006–07.

Pollestad var politisk aktiv som student. Han var politisk nestleiar i Senterungdomen 2001–03, visepresident i Nordiska Centerungdomens Förbund i 2003–09 og leiar av Norsk Studentunion i Bergen i 2004–05. Pollestad har vore medlem i Time kommunestyre sidan 2011.

I den raudgrøne regjeringa (2005–13), der Ap, Sp og SV var med, hadde Geir Pollestad ulike oppgåver frå 2007. Først var han politisk rådgivar i Kommunal- og regionaldepartementet og deretter i Olje- og energidepartementet (2007–08). I 2008 blei han statssekretær i det same departementet, før han flytta over til Samferdselsdepartementet i 2008–09 og igjen i 2012–13.

Han har vore vararepresentant på Stortinget for Rogaland sidan 2001, møtte fast i 2009–12, medan Magnhild Meltveit Kleppa var statsråd, og har vore fast representant sidan 2013. Han var medlem av arbeids- og sosialkomiteen i 2009–12, energi- og miljøkomiteen i 2013–14 og er frå 2014 leiar av næringskomiteen.

Pollestad har både i regjering og i opposisjon vore talsperson for distrikta og distriktsnæringane. Til dømes har han arbeidd mot å detaljstyre kommunesektoren og å endre strukturen i norsk landbrukspolitikk, og for å styrkje kommuneøkonomien, halde på NAV-kontor i distrikta, gjere det enklare å etablere småkraftverk og å byggje ut samferdselsløysingar i distrikta. Han har markert seg som aktiv debattant i sosiale medium, mellom anna mikrobloggtenesta Twitter.

Pollestad blir referert på nynorsk på Stortinget.

Kjelder

Geir Pollestad «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=GP [lesedato 21.8.2018]

Først publisert: 21.01.2019
Sist oppdatert: 21.01.2019