Hopp til innhold
X
Innhald

Giacomo della Porta

Giacomo della Porta, 1537–1602, var italiensk arkitekt og ein av dei første barokkarkitektane.

Porta fullførte saman med Domenico Fontana kuppelen på Peterskyrkja i 1588–90. Elles er han mellom anna kjend for Villa Aldobrandini (1598–1603) i Frascati og fasaden til kyrkja Il Gesù (1571–84) i Roma.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016