Hopp til innhold
Foto av Giacomo Puccini, ca. 1908. Foto: A. Dupont.
Foto av Giacomo Puccini, ca. 1908. Foto: A. Dupont.
X
Innhald

Giacomo Puccini

Giacomo Antonio Domenico Michele Secondo Maria Puccini, italiensk operakomponist. Han var den fremste komponisten av italiensk opera etter Guiseppe Verdi, særleg hugsa for La Bohème (1896), Tosca (1900) og Madama Butterfly (1904).

Giacomo Puccini var fødd i Lucca i Italia 22. desember 1858 og døydde i Brüssel i Belgia 29. november 1924. Han vart fødd inn i ein familie av musikarar, og faren, Michele, var ein respektert komponist og lærar. Sidan faren døydde då Puccini var berre fem år gamal, var det onkelen, Fortunato Magi, som gav han den første musikkundervisinga. Frå 1874 studerte Puccini ved Isituto Musicale Pacini i Lucca, men i 1880 flytta han vidare til Milano, der han studerte ved konservatoriet i tre år.

 

Puccini vart den mest suksessfulle av dei mange som prøvde seg på den vanskelege oppgåva det var å skrive opera i Italia etter Verdi. Han vart den fremste eksponenten for verismo-bølgja, som la stor vekt på realisme, både i val av miljø og karakterar, men òg i den musikalske forteljemåten. Samstundes greidde han å sameine den uunngåelege påverknaden frå Wagner med den italienske, songfokuserte tradisjonen. Den første suksessen fekk han med Manon Lescaut i 1893, som etablerte Puccini som ein viktig figur på den italienske operascena. Med La Bohème (1896) vart han etablert over heile verda som den viktigaste arvtakaren til Verdi, ein status han aldri gav slepp på.

 

I dag står Puccini som ein av dei mest framførte operakomponisten i verda, etter Verdi. På bachtrack.com si årlege oversikt over framførte operaer var La Bohème, Tosca og Madama Butterfly alle mellom dei ti mest framførte i både 2014 og 2015, og begge åra var Mozart den einaste andre komponisten som var representert med tre ulike verk. Lenge var det ein djup skepsis til Puccini blant kritikarar og akademikarar, men i seinare år, etter kvart som musikkvitskapen er vorten opnare, har Puccini sine særeigne kvalitetar fått større plass og har vorte gjenstand for meir grundig forsking.

 

Fram til Manon Lescaut

Same året som Puccini fullførte studia sine, komponerte han einaktersoperaen Le villi (1883) til ein operakonkurranse. Han vann ikkje konkurransen, men forleggjaren Giulio Ricordi høyrde verket og vart så imponert at han gav komponisten eit stipend for at han skulle komponere ein ny opera, Edgar (1889). Ricordi var Verdi sitt forlag, og Giulio vart ein enormt viktig støttespelar for Puccini, både kreativt og profesjonelt, heilt fram til han døydde i 1912.

 

Edgar vart ingen suksess, men Ricordi heldt på støtta til Puccini, sikker på at han hadde funne Verdi sin arvtakar. Med Manon Lescaut (1893) fekk han endeleg stadfestinga han venta på. Prosessen var vanskeleg, og fleire ulike librettistar arbeidde med teksten. Men då operaen endeleg vart framført i Torino i 1893, vart han unisont rosa av både kritikarar og publikum.

 

Høgda av verismo: La Bohème, Tosca og Madama Butterfly

Den siste av librettistane som var innom Manon Lescaut, var Luigi Illica, og det var han, saman med Giuseppe Giacosa, som skreiv dei tre neste librettoane for Puccini. Desse to, med Ricordi som meklar og mellommann, greidde å handtere dei enorme krava Puccini stilte, og var med på å skape dei største suksessane hans.

 

Den første operaen dei skreiv saman, var La Bohème (1896), og her er historia typisk verismo: Den fattige diktaren Rodolfo forelskar seg i den tuberkuløse syerska Mimì, og operaen følgjer den håplause kampen deira for å få til eit liv i lag, underlagde miskunnslaus fattigdom. Den musikalske realismen er òg tydeleg: Puccini stoppar nesten aldri tida for eit musikalsk nummer, slik norma var tidlegare. I La Bohème er det i dei små samtalane at dei store, emosjonelle augneblinkane kjem, og dei forsvinn att like brått som dei kjem.

 

I Tosca (1900) dominerer dette musikalske aspektet av verismen, i tillegg til eitt nytt: ein historisk setting for den fiktive handlinga. Alt går føre seg 17. juni 1800, tre dagar etter Napoleon sin siger ved Marengo. Utfallet av slaget, med følgjene det fekk for den politiske situasjonen i Roma, set premissane for handlinga: Operadivaen Floria Tosca elskar den revolusjonære kunstnaren Cavaradossi, som vert dømd til døden for å ha hjelpt ein fange med å flykte frå den vonde politisjefen Scarpia.

 

Igjen var autentisk lyd viktig: Til førsteakta konsulterte Puccini kyrkja om kva liturgi som ville ha vore brukt, og til tredjeakta fann han ut kva for klokker ein ville ha høyrt ved daggry i Roma, og kva tonehøgder dei hadde, så han kunne gjenskape dei så realistisk som råd på scena. Slutten på førsteakta kan minne om ein eldre concertato-finale, men stoppar aldri tida. Kanonane varslar om fangen som har rømt, klokkene ringjer til messe, koret syng autentisk liturgi, medan Scarpia fantaserer om planane sine. Slik lét Puccini dei musikalske nummera vekse ut av handlinga og dialogen, i staden for omvendt.

 

Handlinga i Madama Butterfly (1904) går føre seg i Japan, der den unge Cio-Cio-San vert gifta bort til den amerikanske offiseren Pinkerton. Ho elskar han, men han er berre ute etter ein kortvarig affære, før han reiser heim og giftar seg «på ordentleg», med ei amerikansk kvinne. Puccini sitt harmoniske språk vart meir og meir avansert i denne tida, og Cio-Cio-San er den mest mangefasetterte figuren han hadde komponert til då, med stor indre utvikling.

 

Frå La fanciulla til Turandot

La fanciulla del West kom heile seks år etter Madama Butterfly og har handlinga lagt til det ville Vesten. Orkestermessig er dette det mest ambisiøse verket hans før Turandot, men likevel har det ikkje funne ein like stor plass i repertoaret som dei tre føregåande verka. Etter La Rondine (1917), ein sjeldan framført operette, prøvde Puccini seg på ei heilt ny operaform. Il trittico (1918) omfattar tre einaktersoperaer: Il tabarro er ei blodig verismo-historie om livet på ein elvebåt. Suor Angelica handlar om ei nonne som tek gift og opplever ein religiøs visjon når ho høyrer at guten ho fødde utanfor klosteret, er død. Gianni Schicchi er ei historie henta frå Dante, om ein familie som får svi når dei prøver å forfalske eit testament. Kvart verk set lys på ulike aspekt av operaforma, Il tabarro på det dramatiske, Suor Angelica på det emosjonelle og Gianni Schicchi på det komiske. Sjølv om dei no sjeldan vert framførte saman, var Puccini heile tida klar på at det var intensjonen hans.

 

Puccini sitt siste verk var Turandot (1924), ein opera han aldri vart heilt ferdig med. Likevel er han i dag mellom dei mest respekterte verka hans, heidra mellom anna for den ambisiøse harmonien og orkestreringa. Historia er lagd til eit førhistorisk Kina, der isprinsessa Turandot hemnar ei formoder ved å avrette alle beilarane som ikkje greier å løyse dei tre gåtene ho gir dei. Utfordringa for Puccini låg i å løyse dramatisk forholdet mellom Turandot og helten Calaf i den siste akta. Då komponisten døydde, mangla det framleis ein god del av denne akta, og det fall på den yngre komponisten Franco Alfano å fullføre operaen etter meisteren sine skisser.

 


Kjelder

Carolyn Abbate og Roger Parker: A History of Opera. The Last Four Hundred Years. London 2012

Virgilio Bernardoni: Verso Bohème. Gli abbozzi del libretto negli archivi di Giuseppe Giacosa e Luigi Illica. Centro studi Giacomo Puccini – Testi e documenti, vol. 1. Firenze 2008

Julian Budden 2002: Puccini. His Life and Works. Oxford 2002

 

Bachtrack: «2014 in Classical Music Statistics: A changing of the guard», bachtrack.com, publisert 5.1.2015: https://bachtrack.com/classical-music-statistics-2014 [lesedato 8.2.2016]

Julian Budden: «Puccini, Giacomo», i Stanley Sade (red.): The New Grove Dictionary of Opera. Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O903793 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 5.2.2016]

Mark Pullinger: «He's not the Messiah: Beethoven topples Handel in the 2015 stats», bachtrack.com, publisert 5.1.2015: https://bachtrack.com/classical-music-statistics-2015 [lesedato 8.2.2016]

Gabriella Biagi Ravenni og Michele Girardi: «Puccini family», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/40280pg5 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 8.2.2016]

Arman Schwartz: 2012, «Puccini, in the distance», Cambridge Opera Journal, 23, 3, 167–189, doi:10.1017/S0954586712000092. Tilgjengeleg på nett, academia.edu: http://www.academia.edu/3105686/Puccini_in_the_distance [lesedato 5.2.2016]


Sist oppdatert: 11.01.2018