Hopp til innhold
X
Innhald

Gilbert & George

Gilbert & George, britisk kunstnarduo som omfattar Gilbert Proesch, f. 1943, og George Passmore, f. 1942.

Dei er multimediekunstnarar og har jobba saman sidan 1968. Mest kjende er dei for «levande skulpturar» som set seg sjølve i scene (performance). I dei seinare åra har dei skapt monumentale fotomontasjar der religion, seksualitet og identitet er tema.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 22.09.2017