Hopp til innhold
X
Innhald

Giulio Romano

Giulio Romano (eigentleg Giulio Pippi), ca. 1499–1546, var italiensk målar og arkitekt.

Romano var ein av dei fremste elevane til Rafael. Han var ein manieristisk målar og ein av dei få manieristiske arkitektane. Romano teikna mellom anna Palazzo del Te i Mantova, som han også smykka innvendig med storslagne, illusjonistiske freskar – Fallet til gigantane (1532–34).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017