Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Helga Pedersen

Helga Pedersen, nestleiar i Arbeidarpartiet 2007–15 og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark 2009–17. Ho var den første statsråden med samisk bakgrunn i Noreg og den første samisktalande nestleiaren i Arbeidarpartiet.

Helga Pedersen er fødd 13. januar 1973 i Sør-Varanger i Finnmark og voks opp i Tana. Ho gjekk på Vadsø videregående skole, avdeling Tana, i 1988–89 og Lycée Alain Chartier i Bayeux i Frankrike i 1989–92, blei cand.mag. med mellomfag i russisk ved Universitetet i Bergen i 1993–96 og tok mellomfag i historie ved Universitetet i Tromsø i 1996–98.
Pedersen var lærar og assistent ved Boftsa skole i 1992–93, fylkessekretær i Finnmark AUF i 1997, førstekonsulent i utbyggingsetaten i Finnmark fylkeskommune i 1998–2000, personleg rådgivar i Nærings- og handelsdepartementet i 2001, prosjektmedarbeidar i GRID-Arendal i 2001–02 og prosjektleiar i Tanafjordprosjektet i 2002–03. Ho var fylkesordførar i Finnmark i 2003–05 og statsråd i regjeringa Stoltenberg II i Fiskeri- og kystdepartementet i 2005–09.
Ho var leiar av Tana AUF i 1992–93, medlem i Aps samepolitiske råd i 1998–2000, leiar i 2000–02, sekretær i Tana Ap i 2001–02, leiar frå 2002, og varamedlem av fylkestinget i Finnmark i 1999–2003. Frå 2007 til 2015 var ho nestleiar i Arbeidarpartiet, og ho var parlamentarisk leiar frå 2009 til 2013. Frå 2009 til 2017 var ho stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark, med arbeid til alle som viktigaste politiske sak. Sidan 2019 har ho vore ordførar i Tana kommune.
Pedersen blei æresborgar i fiskeværet Sørvær i Finnmark i 2008, fekk prisen Årets havfrue i 2008 av Kongelig Norsk Båtforbund og fekk WWWs globale pris Leaders for a Living Planet i 2009. Ho er sjøsame, og språket hennar er nordsamisk.

Kjelder

Helga Pedersen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HPED [lesedato11.3.2012]

Peikarar

Først publisert: 24.05.2012
Sist oppdatert: 13.01.2020