Hopp til innhold
X
Innhald

Henry Poincaré

Henry Poincaré, 1854–1912, fransk matematikar og fysikar. Han kasta nytt lys på ei mengd område av matematikken (differensiallikningar, rekkjeutviklingar, sannsynsrekning). Han gav òg nye bidrag til den elektromagnetiske teorien, og utvikla metodar for kalkulering av planetbaner. Poincaré formulerte relativitetsprinsippet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012