Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Patočka

Jan Patočka, 1907–77 var tsjekkisk filosof som hadde heilt eller delvis publiserings- og undervisningsforbod i perioden 1949–66 og etter 1970. Han var ein av Charta-77s tre første talsmenn. Patočka hausta lovord for vidareføringa av Husserls fenomenologi og dei omfattande filosofi-historiske studiane. Dei viktigaste skriftene hans er Den naturlige verden som filosofisk problem (1936, 1969), Kjetterske studier i historiens filosofi (1975, norsk utgåve med eit tillegg: Jan Patočka og Charta-77 i 1979).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012