Faktaboks

Jan Prahl

Jan Henrik Fasmer Prahl

Fødd
20. februar 1833, Bergen, Vestland
Død
4. juni 1921, Amsterdam, Nederland

Jan Prahl var ein norsk målmann i Bergen, lege i Nederland. Ungdomsverket Ny Hungrvekja frå 1858 var eit originalt innspel i den tidlege målstriden i Noreg.

Bakgrunn

Jan Henrik Fasmer Prahl var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og døydde i Amsterdam i Nederland. Han tok studenteksamen som privatist i 1855. I 1860 drog han til Nederland for å få hjelp for ein augesjukdom. Han vart immatrikulert ved universitetet i Utrecht i 1861 og studerte medisin, vart medisinsk kandidat i 1865 og tok doktorgraden i 1868. Kring 1872 kom han attende til Noreg for saman med broren å freiste å reise opp att det gamle handelshuset til familien. Det mislukkast, og i 1882 reiste han tilbake til Nederland, vart bylege i Amsterdam og vende aldri attende til Noreg.

Målsak

I 1850-åra kom Prahl med i krinsen av bergensmålmenn. Dei las mykje gamalnorsk på den tida og ville leggje landsmålet så nær gamalnorsk som råd. Seinare bøygde dei fleste seg for Aasen-normalen.

I 1858 gav Prahl anonymt ut pamfletten Ny Hungrvekja, somtok til orde for ei radikal målreising på gamal grunn. Namnet var henta frå den islandske bispesoga Hungrvaka frå tidleg på 1200-talet. Pamfletten skulle vekkje hunger etter norsk mål og kultur. Språket i boka vekte oppsikt. I ordval og bøying minte det om gamalnorsk, men språkføringa var omstendeleg tysk-dansk i stilen. Ordforklaringane var på tysk. Aasmund Olavsson Vinje kalla boka «den merkjelegaste Bok, som er prentad i Norigs Land». Ivar Aasen kritiserte den framande stilen og meinte boka var for lite folkeleg i ordval og former. Men han hadde òg godord å seie om kunnskapane til forfattaren.

Femti år seinare, i 1907, gav Prahl ut, også denne gongen anonymt, heftet Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin, ei omsetjing eller attforteljing frå nederlandsk. Sjøslaget er eit slag i august 1665 mellom hollandske handelsskip, som er på veg heim med last frå Java i dei indonesiske øyane og har søkt hamn i Bergen, og engelske krigsskip. Det skjer under den andre engelsk-nederlandske krigen (1665–1667). Forteljinga var skriven av Wouter Schouten, som var lege på den hollandske flåten og augevitne til slaget. I denne teksten følgjer Prahl i hovudsak det tidlege Aasen-målet.

Då Prahl døydde, vart urna ført heim til Bergen og sett ned i slektsgrava på St. Jakobs kyrkjegard, men grava er seinare sletta.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure: «Nokre gamle maalmenner. Stutte skildringar fraa den fyrste maalstrævstidi. I. Jan Prahl», For Bygd og By nr. 18/1914
  • Torleiv Hannaas: «Jan Prahl», Norsk Aarbok 1922
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Oddmund Hoel: «Jan Prahl og andre bergensmålmenn», Mål og makt nr. 4/1993
  • Jostein Krokvik: Ny Hungrvekja og Jan Prahl. Bergen 1993
  • A.M. Wiesener: «Jan Henrik Fasmer Prahl», Norsk biografisk leksikon, bd. 11. Oslo 1952

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg