Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Fredrik Paasche

Johan Fredrik Paasche, 1886–1943, var litteraturforskar og professor ved Oslo Universitet frå 1920. Paasche var kulturhistorisk-kristent orientert, og han spesialiserte seg særleg på norsk mellomalder. Forutan 1. og 3. bind av Bull, Paasche, Winsnes og Houms Norsk Litteraturhistorie (1926, 1932, ny utgåve 1957–59) gav han mellom anna ut Kristendom og kvad (1914), Kong Sverre (1920) og Landet med de mørke skibene (1938).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 08.03.2013