Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Popper

Sir Karl Raimund Popper, 1902–94, var austerriksk-britisk filosof og professor ved London School of Economics i perioden 1949–69. 

Han var sentral i nyare vitskapsteori der han argumenterte for at kvaliteten i ein vitskapleg teori viser seg i evna han har til å motstå forsøk på å bli motsagt (falsifikasjon), og ikkje i sjansen for å bli stadfesta (verifikasjon). 

Popper avviste marxismen og forsvarte det borgarleg-liberale demokratiet. 

Mellom verka hans er The Open Society and its Enemies (1945), The Poverty of Historicism (1957, norsk utgåve i 1971), The Logic of Scientific Discovery (1968), Objective Knowledge. An Evolutionary Approach (1981).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 05.12.2017