Hopp til innhold
X
Innhald

Liv Grete Skjelbreid Poirée

Liv Grete Skjelbreid Poirée, skiskyttar med 16 medaljar i OL og VM. Ho dominerte internasjonal skiskyting på kvinnesida i ein tiårsperiode, fram til ho la opp i 2006. Etter karriereslutt har Skjelbreid Poirée vore mykje med som ekspertkommentator på fjernsyn.

Liv Grete Skjelbreid Poirée er fødd 7. juli 1974 i Bergen og bur i Hålandsdalen i Fusa kommune i Hordaland. Ho gjekk Noregs Toppidrettsgymnas på Lillehammer i 1990–93.
 
Skjelbreid Poirée debuterte i verdscupen i 1995. Ho vart verdsmeister for lag i 1997, fellesstart og sprint i 2000, og i jaktstart i 2001. I 2004 vart ho den første kvinna som vann fire gull i eit VM, då ho vann sprint, fellesstart, jaktstart og stafett i Oberhof i Tyskland. Skjelbreid Poirée var med i tre vinter-OL. I 1998 var ho med på stafettlaget som tok bronse i Nagano i Japan, medan ho i Salt Lake City i USA i 2002 tok sølvmedalje på 15-kilometeren og på stafetten. Ho tok i alt 16 medaljar i VM og OL.
 
I sesongen 2003/04 vann Skjelbreid Poirée verdscupen samanlagt. Til saman vann ho 22 verdscuprenn (1999–2006). I noregsmeisterskapen tok ho 13 individuelle titlar, to laggull og fem stafettgull saman med klubbveninnene i Hålandsdalen IL.
 
Etter at Skjelbreid Poirée la opp som skiskyttar i 2006, byrja ho å arbeide som skiskyttarekspert i NRK. Ho er medeigar i Skjelbreid Poirée kurs- og konferansesenter i Hålandsdalen (2011–).
 
I 2000 fekk Skjelbreid Poirée Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris for innsatsen sin på skiskyttararenaen. I 2004 fekk ho kulturprisen frå Fusa kommune.
 
Kjelder
[lesedato 3.9.2014]
Biografi om Skjelbreid Poirée, services.biathlonresults.com: http://services.biathlonresults.com/athletes.aspx?IbuId=BTNOR20707197401 [lesedato 3.9.2014]
Biografi om Skjelbreid Poirée, fusa.kommune.no: https://www.fusa.kommune.no/om-fusa/skiskyttardalen/liv-grete-skjelbreid-poiree/ [lesedato 13.9.2014]
 
Peikarar
Skjelbreid Poirée kurs- og konferansesenter, skjelbreidpoiree.com

Først publisert: 10.12.2014
Sist oppdatert: 10.12.2014