
Maria Parr
Maria Parr er forfattar. Ho debuterte med barneboka Vaffelhjarte i 2005. Det store gjennombrotet kom med oppfølgjaren Tonje Glimmerdal i 2009. Parr er i dag ein av dei mest populære og profilerte norske barnebokforfattarane, og bøkene hennar er selde til ei rekkje land.
Maria Parr er fødd 18. januar 1981 i Fiskå i Vanylven på Sunnmøre. Ho avslutta vidaregåande skule i Ulstein i 2000 og tok master i nordisk ved Universitetet i Bergen i 2008. Masteroppgåva handlar om barn og lesing, eit område ho òg har engasjert seg i i praksis, gjennom ei rekkje skuleturnear der formidling av leseglede står i sentrum. I 2010 avslutta ho pedagogisk-praktisk utdanning ved Høgskulen i Volda og var dermed utdanna lektor.
Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som blei nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og raskt blei seld til fleire land. I 2009 kom barneromanen Tonje Glimmerdal, ei bok som hausta eineståande kritikkar og blei den mestseljande norske barneboka i utgivingsåret. Tonje Glimmerdal vann både Brageprisen, Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Kulturdepartementet sin pris for beste barne- og ungdomsbok. Parr fekk også Teskjekjerringprisen 2009 og blei kåra til Årets nynorskbrukar i 2010. I 2013 mottok Parr Sigmund Skard-stipendet med grunngjeving at ho set målgruppa i sentrum og stiller seg på barnets side utan kompromiss. I Keeperen og havet (2017) møter lesaren igjen karakterane frå Vaffelhjarte, mellom anna Lena og Trille. Også for denne vann ho Brageprisen. I 2019 kom Parr si første lettlesne bok, Storebror.
I 2018 blei Parr heidersmedlem i Samlaget.
Utdrag frå Vaffelhjarte
– Heng der, då! Eg skal redde deg!
Hendene mine vart sveitte medan eg tenkte. Eg håpte at Lena sine hender var tørre. Tenk om ho glapp taket og datt to etasjar rett ned! Det var då eg kom på madrassen.
Og medan Lena hang så godt ho kunne, reiv eg madrassen ut av senga til mamma og pappa, skubba den ut i gangen, kasta den ned trappa, trykte den ut i veslegangen, opna ytterdøra, sparka den ned utetrappa og slepte den ut i hagen. Det var ein skrekkeleg tung madrass. På vegen reiv eg ned eit bilete av tippoldemor så det knuste. Men at ho gjekk i knas, var betre enn at Lena gjorde det.
Eg kunne sjå på grimasane til Lena at det var tett før ho styrta, då eg endeleg kom ut i hagen.
– Treging, Trille! pesa ho sint. Dei svarte museflettene vaia i vinden langt der oppe. Eg lest som om eg ikkje høyrde. Ho hang rett over hekken. Eg måtte legge madrassen der. Oppå hekken. Det hadde ikkje vore hjelp i å legge den nokon annan stad.
Og så kunne Lena Lid endeleg sleppe taket og kome deisande frå himmelen som eit overmode eple. Ho landa med eit mjukt brak. To av trea i hekken knakk momentant.
Utdrag frå barneboka Vaffelhjarte av Maria Parr. Det Norske Samlaget 2005.
Universell tematikk og lokal forankring
Mange har trekt fram det «Astrid Lindgrenske» ved bøkene til Parr. Her er sterke jenter i idylliske omgivnader, humor og dramatikk blanda med såre kjensler og gripande episodar. Men alt etter to bøker kan ein òg snakke om ein Parrsk atmosfære, prega av dei nemnde elementa, men òg av ei lokal forankring og ei særeiga stemme.
Det er den vesle bygda ved fjorden som er ramma rundt livet til hovudpersonane både i Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Det er eit miljø forfattaren kjenner godt frå sin eigen oppvekst, og ho formidlar livsvilkåra her med stort truverde og kjærleik til både natur og folk. Samtidig skaper ho frå den vesle plassen eit litterært univers som er både tidlaust og universelt.
Fantasien og nyfikna som pregar barndomen, er drivkrafta både i handlinga og språket i bøkene til Parr. Handlinga spring ut av kvardagsleik, rettferdstrong og kreative påfunn, og historiene blir fortalde med stor iver frå synsvinkelen til kloke og energiske ni–ti-åringar. Den barnlege, men svært presise måten å uttrykkje seg på gjer at tankar og kjensler blir gjenkjennelege, og det er nok ein av grunnane til at bøkene har slik appell hos lesarane.
Parr lèt hovudpersonane ha store tankar og kjensler, og ho greier på meisterleg vis å gjenskape korleis born prøver å setje ord på det dei tenkjer og føler. Det gjer dei ofte ved å nytte ord og uttrykk dei har høyrt, på ein ny måte, som når Tonje er så glad i Gunvald «at hjartet knakar», eller ved å finne opp nye ord, som når Tonje tenkjer at fela fyller dalen med «mirakelmusikk». Det er på denne måten ein skaper både poesi og komikk, og Parr sine tekstar er fullasta med begge delar.
Referansane til andre tekstar er òg eit viktig element i bøkene til Parr, mellom anna har historia om Tonje Glimmerdal mange tydelege parallellar til barnebokklassikaren Heidi (Johanna Spyri 1881, på norsk 1882, nynorsk utgåve: Noregs Boklag 1935). Parr kan òg si bibelhistorie, og hovudpersonane i bøkene hennar har ei sjølvsagd og lite påtrengjande barnetru som elles i liten grad er til stades i den moderne barnelitteraturen. I Parrs univers har dette ein kvardagsleg plass, om det er som inspirasjon til å leike «Noas sjark» eller som bakgrunn for refleksjon rundt ei bestemor som døyr.
Vaffelhjarte er illustrert av Bo Gaustad. Tonje Glimmerdal er illustrert av Åshild Irgens. Begge bøkene er selde til ei rekkje land, og Vaffelhjarte blei fjernsynsserie på NRK i 2011.
Tonje Glimmerdal hadde premiere på Det Norske Teatret oktober 2013 og hausten 2014 hadde Vaffelhjarte premiere på Den Nationale Scene.

Tonje Glimmerdal på kjelke under førestillinga med same namn på Det Norske Teatret. Med «Tonje Glimmerdal» (2012) skapte Maria Parr ei jente som har «fart og sjølvtillit» som livsmotto. Foto: Det Norske Teatret. Biletet er nytta etter avtale med teateret.
Prisar
Nynorsk barnelitteraturpris 2005 for Vaffelhjarte, 2009 for Tonje Glimmerdal og 2017 for Keeperen og havet
Alfred Andersson-Ryssts fond 2006 for Vaffelhjarte
Den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel for Vaffelhjarte
Ole Vig-prisen 2009 for Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal
Brageprisen 2009 for Tonje Glimmerdal
Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009 for Tonje Glimmerdal
Kulturdepartementet sin pris for beste barne- og ungdomsbok 2009 for Tonje Glimmerdal
Teskjeskjerringprisen 2009
Årets nynorskbrukar 2010
Rasmus Løland-stipendet 2010
Guro Sandsdalens litteraturpris 2010
Melsomprisen 2010 for Tonje Glimmerdal
LUCHS 2010 – Die Zeits pris for årets beste barnebok i Tyskland for Tonje Glimmerdal
Kulturprisen for Vanylven 2011
Diktartavla 2011
Sigmund Skard-stipendet 2013
Brageprisen 2017
Heidersmedlem i Samlaget 2018
Skolebibliotekarforeningens litteraturpris 2018
Sultprisen 2018
Kjelder
Samtale med Maria Parr
Maria Parr, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/P/Maria-Parr.aspx [lesedato 15.12.2010]
Samlaget: «Sigmund Skard-stipendet 2013 til Maria Parr», mynewsdesk.com, http://www.mynewsdesk.com/no/pressroom/samlaget/pressrelease/view/sigmund-skard-stipendet-2013-til-maria-parr-894236 [lesedato 15.8.2013]
Peikarar
Maria Parr: «Korona er ein ball med piggar», nynorsk.no, publisert mars 2020
Sist oppdatert: 18.01.2021